> Knut Buen: > Tankekors i liv og samfunn > > Alle ismer, - TopicsExpress



          

> Knut Buen: > Tankekors i liv og samfunn > > Alle ismer, religionar, motar, trendar og samfunnsordningar har sine toppar i tilslutning og styring. Det er helst når karismatiske og tiltrekkande personar verkar som soler i systema. Når folk trur på bodskapen som livgivande og sann er det grotid og oppblomstring. Men all kultur er på gjesting og uansett blir det for trongt i einevelde. Berre det som fylgjer, konkret, med naturen, blir verande og har ei sjølvsagd ankring i folk. Men mennesket innbillar seg så mykje. Gjer fantasi verkeleggjort og ynskjebestemmer seg påståeleg, ofte utan å ta omsyn til konsekvens. Om heile verda var kommunistisk eller kristna, muslimsk eller underlagt ein annan ideologi, ville det vera plass for dei beste etiske og estetiske verdiar på breidt plan? Neppe, for ingen system tykkjer å ha heilt varig levetid, og vera så tilpassa alle livets sider slik naturen er. Ein ser årstider koma og gå. Ein gleder seg over vårlege gaukegjel og lomskrik. Dette som årleg kjem att, det varer i korte periodar, men det roar sinna avdi ein ved å oppleva fråver av desse tinga ville få ei kjensle av endetid. Det er nok når fugl og innsekter ikkje dukkar opp att til vanleg tid. Da lurar ein kva det er og blir ottefull. > Men om ein tenkjer på ulike styreformer så endar ein opp med demokratiet som det beste, avdi det er mest omfattande, trots alt. Demokratiseringa av alle samfunn har stadig aktualitet. Det beste av samtlege samfunnsonder, meinte Winston Churshill. Men om ein trur at slaveri og undertrykking skal endre seg til fridom og betre framtid med demokratiet, så må ein betale ein pris for det au. For dette tek da, vitterleg, vare på alle slag, meir og mindre, ekstreme retningar i religion og politikk. Frie demokrati tyder også ytringsfridom. Ein kan forby eit og anna, men kven skal kunne setja rettferdige grenser? Og om ein tenkjer og veit at tru og overtru ikkje let seg skilje, kven sit da med sanninga? Religionsfridom er ikkje å spøke med, ihvertfall. Alle kjempar for einevelde innom eigne valg. Kristeleg Folkeparti ytrar seg med å peika på kristne verdiar. Men kva er no det, burtsett frå at ein berre kan oppnå frelse og nåde gjennom å bøygje seg og be til den eineveldige son av Gud? Det øvrige som kallast kristne verdiar har eksistert gjennom tusenår, men har hatt, og har, andre namn. Buddha var da verkeleg ein fyregangsprofet i så måte, men han laga ikkje einevelde. Så opplever ein da, til forundring, i desse dagar, at Kristeleg Folkeparti vil vende seg til Arbeidarpartiet for samarbeid fram mot valget. Ein høyrer og framståande Apfolk rosa Kristeleg Folkeparti opp i skyene for verdiane i politikken deira. Hyggeleg nok. Men kva tener alle desse partia til i samanhengen når ideologien tilpassast etter som tap av populariteten krev det? Gamle kjepphestar og ideale fordringar går over bord i kvar ein hestehandel, både til høgre og venstre. Vi er kanskje på veg til å forstå at det ikkje er så store forskjellar på oss menneske likevel? Evne og trong til såvel egoisme som samarbeid er tverrpolitisk. > Til kvar tid er det ein stendig ideologisk propaganda og kamp om å sanke stemmer og tilhengerar. Også religion blir solgt som ei vare og menighetsblad og samkomer er som ein børs av kontoopplysningar og kollektopprop. Nåde kostar no, som før Martin Luther laga lurveleven i geisteleg lag. Ein treng ikkje vera katolsk for å tena dei same krav. Men uhjelp og misjon er driven av breide lag av organisasjonar idag. Moral er ikkje knytt så mykje til religiøsitet. Til dømes når det gjeld nymoralismen så er Sosialistisk Folkeparti langt på veg det mest hegelianske, samfunnsmoralske partiet. Men ein legg merke til at di meire ideologiske, moraliserande og påbudsorienterte politiske parti er, di meire trekker folk seg unna. Folk vil ha tillit, dei vil ikkje berre gi tillit. > Ein kan difor hevda at politisk og religiøs ståstad er ikkje nok i store leidarroller. > Det ber imot nye valg. Alle parti stiller med sine kandidatar. Folk som er bra nok i seg sjølve, du verden, men bør sume av desse likevel ta på seg å vera "bjølleku" og fyrtårn i den store samanhengen? For noko som ikkje bør avgjerast i høve til stemmetal er kven som skal representere og formidle i dei mest sentrale roller i kommunane våre og fylka. For da er det ikkje berre den politiske ståstaden som tel, men gåva og evna til å kunne tala, setja ord på ting og vera romsleg og orienterte nok til å kunne gi plass til både det konservative og det radikale. I det heile: Ha oversikt og kunne sjå samanhengar utover partigrenser og snevre målsettingar. Sjå til mangfaldet i naturen. Det er slett ikkje alle gjeve. Ein kan vera brukeleg politikar utan å kunne kunsten å formidle og visa forstand i klare former. Kommunar, fylke og stat treng til folk som kan svara klårt på spursmål og gi råd folk flest skjønar. Det går ikkje med tilsløring og akademisering av dei enklaste ting. Det går heller ikkje å blanda politikk og religion for mykje. Resultat av slikt strev ser me klårt i mediaomtaler i desse dagar. Men om ein ser til naturen, så ser ein kanskje også klårast definisjonen av kva religion bør vera. Alle artar har sin plass i naturen, så eigentleg så er demokratiet ein opphaveleg ide.
Posted on: Tue, 06 Aug 2013 06:34:29 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015