Atterstegspartiet Verda går mot undergangen, men det er uendeleg - TopicsExpress



          

Atterstegspartiet Verda går mot undergangen, men det er uendeleg langt fram. Vitskapen spår at me er halvegs, og ingen veit heilt sikkert når alt tok til. Men eg trur jammen Atterstegspartiet har passert middagshøgda no og er på veg ned ura. Dei tek til på siste stykkjet mot ingentingslandet. Dei smeltar som isen på Grønland, dei døyr ut som gamle ormebol i skogen, dei turkar inn som skrukkete rosiner etter jolabaksten i fjor. Førti år i den ideolgiske ørkenen er nok, no vil dei leva i kvardagen. Men det går med dei som med trollet dersom me får ein lika god sommar som i år. Partiet sprikk og innvollane renn utover åker og eng, nedover gate og gjennom grind. Partiet er ikkje bygt på sandgrunn, men på sukker. Den gamle føraren slo seg opp på det mest usunne som finst i matvegen, haugar med søtsaker som smakar godt, men gjer vondt. Slik er det med politikken hans og. Når du får han på tunga gjer han deg ør av sanseleg lyst, i magen er han gift. Føraren har reist frå alt og slått seg på dansen, det må vera den politiske dødsdansen han svingar seg i. Han har slanka seg slik at det heldigvis har vorte litt mindre av han, litt færre kilo feitt flesk. Men han stampar i utakt både med partnaren og sjølve livet her på jorda. Han forstår berre sitt eige beste og knapt nok det. Atterstegspartiet vil attende til tida før Martin Luther King, før Nelson Mandela og Obama, til tida alt var svart kvitt, til tida dei kvite trudde dei nedstamma frå Vårherre og kunne vinna val med å spy galle over alle svake grupper i nord og ned. Det var betre den tid dei kalla seg Hundepartiet. Då visste me kva dei stod for. Hunden i sentrum! Eit hundaliv på jord. Pudlar i alle land, foren eder ! Atterstegspartiet trur at kultur berre finst i surmjølk. Dei trur at kunsten er å utrydda alt som er rart, alt som er ukjent og nytt. Dei dansar attersteg inn i ei mørk fortid. Det er gjærsoppen som er deira viktigaste teikn på kultur, meir øl i butikken og sprit på trikken er deira vakre visjon. Ungdommen vil ikkje lenger ha noko med Atterstegspartiet å gjera. Dei er eit parti for dei mosegrodde, uvaska nissane frå i fjor og året før. Partiet er som eit brukt fyrverkeribatteri frå forrige nyttår. Raketten har gått til himmels og slokna for lenge sidan.
Posted on: Sat, 07 Sep 2013 09:36:39 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015