Da eg etablerte meg på fb for to og eit kvart år sia, hadde eg - TopicsExpress



          

Da eg etablerte meg på fb for to og eit kvart år sia, hadde eg ein klår plan om å unngå å bli privat i dette forumet, knapt nok personlig. For eksempel er det eit prinsipp å avstå frå lange statusoppdateringar om kor bra eller dårlig eg har det. Derfor må eg unngå å nemne at eg akkurat har gjort meg ferdig med tre-fire intense veker med ein fantastisk gjeng i Buvika, og at eg kjem til å slite med sosial abstinens den nærmaste tida. Det er vanskelig å ta med alle dei fine folka som var med på prosjektet, derfor namngir eg ikkje Nora, Knut Anders, Trond, Ane, Ingveig, Britt, alle aktørane med og utan honorar og alle dei entusiastiske frivillige bak scenen og i lokalmiljøet. Kort sagt fortel eg ikkje kor viktig dette prosjektet har vore for den mentale helsa mi. Eg skal heller ikkje sende eit spark til Adressa som gjennom overskrift og ingress gav intrykk av at dette var elendige saker, men som gav oss terningkast 4, det same som sesong 2 av Broen fekk, ein serie der terningen landa på 6 i både Aftenposten og Dagbla. Så da veit vi kor lista ligg, kunne eg ha sagt, men gjer det ikkje. Og om eg no takkar alle som gratulerte meg med gårdagen, er det litt i konflikt med at eg heilt bevisst ikkje har gitt Fjesboka informasjon om når eg er fødd, så det burde eg kanskje ha stått over. I og med at eg har lagt valkampen bak meg, skal eg heller ikkje ta med at det var ein opptur å vera ein del av kampanjen for å sikre Snorre Valen ein ny periode på Tinget. Med litt sjøldisiplin kan det til og med hende at eg greier å unngå å gi syrlige kommentarar til resultatet av regjeringssonderingane - som visstnok kjem i løpet av få dagar. Eller kanskje har eg ikkje den sjøldisiplinen. Det vil vise seg. Men altså: Lange statusoppdateringar om positive sider ved livet, det skal eg ikkje skrive.
Posted on: Tue, 24 Sep 2013 00:10:52 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015