Dagens lyrikar er ein som gjerne skriv om dei små ting han ser - TopicsExpress



          

Dagens lyrikar er ein som gjerne skriv om dei små ting han ser ikring seg, samstundes som han også har eit internasjonalt blikk i mange av sine dikt. Kolbein Falkeid (fødd 1933 i Haugesund), debuterte i 1962 med Gjennom et glass-skår, og har seinare vore svært så produktiv. Han har dessutan gjort fleire framragande attdiktingar av afrikanske dikt og songtekstar. Han er ein diktar som også har teke populærkulturen på alvor, særleg kjend er vel hans samarbeid med gruppa Vamp, som han har skrive ei lang rekkje tekstar for, som td. den vakre Tir na Noir. Etter eige utsegn har Bob Dylan og Leonard Cohen vore viktige inspirasjonskjelder. Han har fått ei rekkje prisar og utmerkingar, mellom anna Brageprisen (Heiderspris) i 2011. Dette diktet er henta frå diktsamlinga En annen sol (1989): ALT De spør hvordan det går. Det er en skånsom måte å nærme seg på: Ord som fjerner bandasjen uten at såret begynner å blø. En sky finger over kinnet. Jeg kunne ha svart med lange forklaringer, fortalt om hullene i det sløret vi kaller Liv, om utsikten gjennom dem: Plutselige blikk mot snødekte gåtemassiv, klarere enn en eneste matematisk formel etter tusen utregninger. Kunne også ha fortalt om dager på kaikanten. Om balansegangen der. Om det gule solskinnsdypet som snor seg og aldri snakker i gåter, men løser dem. Kunne ha fortalt alt, men svarer: Bare bra. Hver på sitt vis vet alle alt.
Posted on: Sat, 09 Nov 2013 17:14:09 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015