FRANCES HA Dato Søndag 8. september Tid Kl 20.00 Speletid 1t - TopicsExpress



          

FRANCES HA Dato Søndag 8. september Tid Kl 20.00 Speletid 1t 26min Sensur Tillatt for alle (Eigna for ungdom/vaksen) Genre Drama/Komedie Nasjonalitet USA Språk Engelsk Bill.pris Kr 80,- FRANCES HA er forteljinga om 27 år gamle Frances, som bur i New York, sjølv om ho eigentleg ikkje har noko leilegheit. Ho har praksisplass hjå eit dansekompani, men er eigentleg ikkje så flink til å danse. Og ho er bestevenn med Sophie, sjølv om dei eigentleg ikkje er på talefot lenger. Frances kastar seg ut i livet, på jakt etter å realisere draumane sine, men blir stadig konfrontert med verkelegheita. Filmen er både morosam og rørande. Ein herleg, muntermelankolsk komedie om vennskap, og ein nydeleg hyllest til New York i svart og kvitt. Regi: Noah Baumbach. Med: Greta Gerwig, Mickey Sumner, Adam Driver, Charlotte D’Amboise, Hannah Dunne, Michael Esper, Grace Gummer, Patrick Heusinger, Josh Hamilton, Cindy Katz. Maya Kazan, Justine Lupe, Britta Phillips, Juliet Rylance, Dean Wareham, Michael Zegan.
Posted on: Sat, 07 Sep 2013 17:31:05 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015