Joleutstillinga på Galleri Samvirka opna laurdag 9. - TopicsExpress



          

Joleutstillinga på Galleri Samvirka opna laurdag 9. november. Gunnar Grunnvik fra Vrådal og Fyresdal målarklubb ønska velkomen til årets joleutstilling. Joleutstillinga blei tidleg i år grunna at me får Telemarks-utstillinga som opnar allereie den 30. november. Joleutstillinga inneheld arbeid frå medlemene i Vrådal og Fyresdal målarklubb. Kan hende finn du den heilt spesielle jolegåva her ? Det var ca. 50 besøkjande på opninga. Hyggeleg var det at næringssjefen i Kviteseid kommune, Elisabeth Lid, kom innom med ei blomsterhelsing. Tomas Reinskås, eit ungt talent, blei med som gjesteutstillar med 2 flotte teikningar. På opningsdagen blei det solgt mange fototrykk på plate med folk og kvardagsliv i Vest-Telemark, mest frå Vrådal i gamle dagar.
Posted on: Tue, 12 Nov 2013 11:29:05 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015