Knut Buen: Stor, større, størst Ja, det handlar om konkuranse, - TopicsExpress



          

Knut Buen: Stor, større, størst Ja, det handlar om konkuranse, på dei fleste frontar. Best i test er kjøpefest. I sport er det sjølvsagt sjølve poenget. Men det gjeld i mest alle fag ellers også. Terningkast og kåringar blir meir og meir mediafokuserte vitnemål om tilstand, kvalitetar og personar sin eigenverdi. Det er vel unnt alle som lukkast og feirar triumfar. Det blir til gudeliknande tilstandar, serleg i musikkbransjen, men sume forfattarar kan au kjenne seg mest som overmenneske i høve popularitet og massesalg. Det er sikkert moro å vera lysande i liv og yrke. Men det motsatte kan vera traumatisk. Ein kan difor spørje seg om denne framdyrkinga og nedvurderinga, ja konkurerande utviklinga er berre bra? Konkuranse er sunt blir det sagt. Ja, kanskje, dersom det aukar på kvalitet og om superlativ og kritikk blir haldne innafor medmenneskelege råmer. Men slik er ikkje alltid tilfelle. Sume folk har ikkje godt av å koma i overmenneskeleg opprop eller bli nedsabla i for stor grad. Ein kan skape ideale fordringar og mindreverdskjensler med slikt. Meldarar og konsulentar kan au bomma med vurderingane sine. Ihvertfall kan dei skada, såvel med ros som ris. For i mange tilfelle lid kvalitetar av å bli oversett, vera uoppdaga eller undervurdert. Alt og alle treng til å bli sett av einkvan som forstår. Det er ikkje det lukkelege for alle her i livet. For samstundes som mykje fullverdig blir oversett så kan nokså middelmådige ting gå sin seiersgang i lange tider. Hysteri fører til overvurderingar. Nerver og kjensleliv er livets største lygnarar. Jamvel i historiske bøker og festivalskrifter, som skal summera og sjå attende på bragder, så blir det til rangerande framstilling av kven og kva som stiller høgast eller mindre verdfullt i samanhengen. Ikkje berre evne innan kvalitetsvurdering er sentral i dette, men like mykje smak og lojalitet er sjølvsagt medverkande i dei endelege domane. Og det er heller ikkje alltid at pionerar blir framheva framfor vellukka kopistar. Kor David kaupte ølet blir underordna når dansen kring gullkalvar veks til orgasmisk suggesjon. Det same psykologiske fenomen som til alle tider har fylgt religiøs og politisk hypnose er minst like framelska i musikalske samanhengar. Og innhaldet treng ikkje vera så vektig heller. I eventyret "Keiserens nye kleder" har den danske diktaren H.C. Andersen satt ord på hysteriets og oppropets makt. Nokon må oppdaga galskapen. Men i popens verden ser det ut til at galionsfigurane aldri bleiknar. Og denne makta over menneske kan knapt nokon artist stå imot. Det blir oppleving av å vera gud mellom menneske. Men det er ikkje til å sjå burt ifrå at trusvedkjenningar og hyldingsrop har noko av den same dyrkerelaterte slavemoral over seg. Lojaliteten skygger mykje for kontollert klårsyn. Det har me mange døme på. Difor er ikkje partisk truskap så veldig rettvist i høve til romsleg og sannferdig verdiforklåring. Om ein ser attende i tida så må ein au erkjenna at mange historiske personar blir utsatt for tvilsam verdimåling og samanlikning. Som regel gjer alle biografar sitt eige omtala objekt til verdsmeister i si klasse. Grunnen til at vedkomande skriv er da, fyrst og fremst, at kunstnaren er det store gudbenåda ideal og difor skal stillast i fremste rekke. Sjølvsagt finst andre vikarierande motiv for biografiar, men da er det gjerne det motsatte som er den målretta sak: Å dokumentera ein påstått syndar til daude. Det er ihvertfall grunn til å taka det meste av skamros og døming til døden med ei klype salt. Alt må ha tid på seg for verkeleg å vise kor levedyktig det er. Den tyske filosofen Arthur Schopenhauer 1788-1860 skriv i essaysamlinga "Om det slette og det gode" ein kritisk vurdering av den samtidige og populære filosofiproffessoren Georg Wilhelm Friedrich Hegel (født 27. august 1770 i Stuttgart, død 14. november 1831 i Berlin). Kritikken er nok mykje influert av misunning av ein tiljubla og tidsaktuell kollega, men han har likevel eit godt poeng i det han held fram om varige kvalitetar. Hegel hadde fulle hus på universitets-forelesningane sine og var sett på som ein ideologisk guru mellom statstilsette samfunnstoppar. Han underbygde nemleg den samtidige statstyringa og hadde difor makta med seg. På toppen av det heile blei han ideologisk hovudleverandør til Marx og Engels sitt kommunistiske manifest: Kapitalen. Schopenhauer derimot var samfunnskritisk og einsam, utan tittel og fast løn. Når Schopenhauer hadde filosofiske foredrag så kom berre nokre få lojale tilhengarar for å lyde på han. Dette tok han opp som vitnemål om dumskapen som rådde i åndslivet. Schopenhauer skjeller ut Hegel som ein simpel lygnar og sjarlatan i skriftene sine. Det verkar overdrive og svært emosjonellt relatert, men han peikar au på at hans eigne filosofiske og litterære kvalitetar, til samanlikning, eingong vil bli oppdaga, om så det vil gå tohundre år. Han gjorde mora, den berømte romanforfattarinna Johanna Schopenhauer merksam på at også ho kom til å måtte sjå fram til eit skuggeliv i framtida, sjølv om verka hennar romar 35 tjukke bind. Ho var i kretsen rundt Goethe og eit populært namn i samtidslitteraturen, men ville likevel, i ettertid, berre bli hugsa som mor til den store filosofen, hevda sonen. No gjev forskarar han rett. Idag er det og slik at Arthur Schopenhauer er ein mykje meire aktuell ideolog og inspirator innan kunst og filosofi enn kva som er tilfelle med Hegel. For Schopenhauer hadde rett i ein vesentleg ting: Kvalitet blir oppdaga på nytt og nytt, når tida er inne. Det er trøysta. Ære må mange vente på til dei ikkje kan ha glede av ho. Når det er sagt kan det nemnast at den einaste ærespris filosofen Arthur Schopenhauer fekk i levande live var ei gullmedalje frå Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim. Det var for hovudverket sitt: " Verden som vilje og forestilling". Nei, det er ikkje alle av oss som treng å tru at ideala våre er så umåteleg større enn andre sine. Om ein innrømer eigenverdien av kvar einskild sine bidrag så kan kappleiken avlysast. Rangering er vonlaus for den som elskar variasjoane innom heilskapen. Men det ser ut som at dei fleste må ha ein kåra verdsmeister å sjå opp til til einkvar tid. Det er greit, men tru, og trug det ikkje, til å gjelda for ei ålmenn sanning
Posted on: Mon, 05 Aug 2013 19:48:33 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015