No har eg i ein fjortendagars periode smakt på juleølet - TopicsExpress



          

No har eg i ein fjortendagars periode smakt på juleølet Vinmonopolet sel. Eg har vel smakt 20 ølsortar. Og det endar i ein kamp mellom Kinn Julefred og Ylir julebrygg. Med Borg sitt juleøl på ein klar tredjeplass. I teten ligg altso eit bryggeri i Flora. Dei vinn - lat oss seie at toppkarakteren er 10, so har Kinn den. Ylir kjem på 9,5 - og Borg kjem på 8. Men eg må få presisere at Borg egnar seg best til lettare julemat. Eg skriv at eg har smakt mange sortar. For ikkje å såra dei på Hansa for mykje, vil eg seie at Hansa sitt fatøl er eit fantastisk godt øl. Men juleølet til Hansa får karakter 1. Det vert gale når juleølet er so beiskt at ein nesten må ha Linjeakevitt til å svelgje det ned med for å få ein god ettersmak. Men Hansa har etter mi meining aldri hatt taket på juleøl. Det vert for tungt, i år var det i tillegg for beiskt. Eg har ikkje nemnt mange andre juleøl frå bryggeri, det er avdi dei er lettgløymte.
Posted on: Tue, 19 Nov 2013 17:02:17 +0000

Trending Topics



Recently Viewed Topics




© 2015